Vestland
Gaularfjellet
I landlege omgjevnader, til lyden av elvebrus og fugle­kvitter er det enkelt å finne ro

Bu godt og ta magiske vegval

Vertskapet på Flatheim er glade i MC-livet. Vi har vore på mange fine turar på MC opp gjennom åra, både med singel sykkel og med sidevognssykkel. Vi kjenner på gleda det er å køyre gjennom landskapet, kjenne luktene, temperaturen og den gode følelsen det er å svinge seg gjennom og komme tett på ulike landskap.

Flatheim ligg plassert ved ein av landets flottaste MC-vegar. Nasjonal Turistveg Gaularfjellet slyngar seg gjennom frodig landskap frå fjorden til høgfjellet, gjennom levande bygder, langs vatn, fossar og elver. Gaularfjellsvegen har nesten ingen tunellar (berre nokre få rasoverbygg) og ein kan nyte landskapet heile vegen. Flatheim er også ein fin stad og bruke som base for dagsturar eller halvdagsturar i fjord-og fjelllandskapet på Vestlandet. Vi har fleire forslag, både turar til kysten eller rundturar langs fjordane litt lenger inne i landet.

For MC-turistar som overnattar her, kan vi tilby parkering i garasje (så langt det er plass), mulighet til tørking av klede og utstyr, og ellers fine plassar for avslapping og/eller sosialisering, alt etter ønske. Det er mulig å ordne seg sjølv med mat, eller få 3-retters middag servert. Frukost er alltid inkludert.

Våre ruter

Tilkomstruter