Vertskapet på Flatheim er glade i MC-livet. Vi har vore på mange fine turar på MC opp gjennom åra, både med singel sykkel og med sidevognssykkel. Vi kjenner på gleda det er å køyre gjennom landskapet, kjenne luktene, temperaturen og den gode følelsen det er å svinge seg gjennom og komme tett på ulike landskap.
Flatheim ligg plassert ved ein av landets flottaste MC-vegar. Nasjonal Turistveg Gaularfjellet slyngar seg gjennom frodig landskap frå fjorden til høgfjellet, gjennom levande bygder, langs vatn, fossar og elver. Gaularfjellsvegen har nesten ingen tunellar (berre nokre få rasoverbygg) og ein kan nyte landskapet heile vegen. Flatheim er også ein fin stad og bruke som base for dagsturar eller halvdagsturar i fjord-og fjelllandskapet på Vestlandet. Vi har fleire forslag, både turar til kysten eller rundturar langs fjordane litt lenger inne i landet.
For MC-turistar som overnattar her, kan vi tilby parkering i garasje (så langt det er plass), mulighet til tørking av klede og utstyr, og ellers fine plassar for avslapping og/eller sosialisering, alt etter ønske. Det er mulig å ordne seg sjølv med mat, eller få 3-retters middag servert. Frukost er alltid inkludert.
Eit naturskjønn reisa gjennom høgfjell og langs fjordar, med kulturelle og kulinariske stopp
Ei oppdagingsferd langs Nasjonal Turistveg med kunstnariske og naturlege vedunder
Ei rikhaldig rute gjennom det varierte landskapet i vestlandet med lokale matopplevingar
Eit historisk dykk langs Dalsfjorden og Førdefjorden, krydra med natur- og kulturarvstader
Ein panoramisk tur som bind saman Sognefjorden med kystbygdene og historiske attraksjonar
Hubriding betyr at du med base på et av De Historiske Hotel, velger blant mange definerte kjøreruter som ligger i omlandet til hotellet. Rutene vi tilbyr går i noe av Norges aller beste terreng og omfatter titusenvis av svinger, spektakulære fjelloverganger, asfalt, grus, herlige naturopplevelser og muligheten til å spise godt ved lokale etablissementer. I rutene har vi lagt inn severdigheter og spisesteder du kan besøke. Du vil kunne velge mellom en rekke ruter og rutekombinasjoner som gjør det mulig å velge dagsetapper med varierende lengde og vanskelighetsgrad. Konseptet er utviklet av Straand Hotel i Vrådal sammen med Norges fremste MC-entusiaster